Fitjar skulekorps har mange oppdrag i lokalsamfunnet, og spetle sist her under gudstenesta på Smedholmen i dag. Foto: Harald Johan Sandvik.

Under gudstenesta i dag var det 125 personar i tunet!

Den politiske medarbeidaren vår, Harald Johan Sandvik, har vore på Smedholmen på friluftsgudsteneste i dag, og her kjem reportasjen hans derfrå:

«Fitjar Skulekorps har hatt øvingshelg. Dei samlast til øving på Kulturhuset laurdag, og reiste ut til Smedholmen på ettermiddagen. Der vart det sosial samling med konkurransar, mellom anna Mesternes Mester og mange andre aktivitetar. Så var det overnatting i lavvoar, og det gjekk veldig bra, men vinden sleit godt i teltdukane i løpet av natta! Kanskje sov ikkje alle like godt, enkelte var ei aning trøytte ut på formiddagen søndag.

Men då kom det meir folk! Det var invitert til gudsteneste på holmen klokka elleve, og då sokneprest Fridleif Lydersen ynskte velkomen, sat det 125 tilhøyrarar rundt han. Dei fleste var komne med Engesund Fiskeoppdrett sine båtar, men mange gjekk også med eigne båtar.

Skulekorpset spela før gudstenesta, dei spela til alle salmane, og etter gudstenesta heldt dei ein liten konsert, til stor applaus frå tilhøyrarane. Endå ein gong vart me vitne til det gode samspelet mellom dirigent og korps, og den gode balansen i korpset!

Fridleif heldt gudsteneste i varm jakke, noko som passa godt i den friske sønnavinden. Preiketeksten var den kjende forteljinga om då dei to søstrene Marta og Maria fekk besøk av Jesus, og Maria sette seg rett ned og høyrde på Jesus. Marta kjende husmoransvaret og laga til mat til gjestene, medan ho ergra seg over at ho ikkje fekk hjelp av søstera. – Jesus, sa ho. Bryr du deg ikkje om at søster mi let meg vera åleine med alt arbeidet? – Du strevar og er uroleg for mykje, sa Jesus. Men eitt er nødvendig. Maria har valt den gode delen. Og den skal ikkje takast frå henne! Fridleif poengterte i den samanhengen korleis me menneske er ulikt utstyrt med interesser og evner. Slik skal me leva saman og utfylla kvarandre.

Folk hadde mat med, og etter gudstenesta var det grilling og måltid. Dei som ville, kunne gå natursti, og det var tilbod om kajakkpadling for dei som hadde lyst til det.

Mange nytta høvet til å inspisera bygningane. No er det berre eit par veker til det kjem arbeidsfolk, og det omfattande restaureringsarbeidet tar til. Aller først skal taka undersøkast og reparerast, men i prosjektet skal alle bygningane setjast i god stand. Smedholmen går etter alt å døma inn i ei god framtid!

- Annonse -