Revyteltet til Fitjar Fjordhotell «berga» mykje under årets fitjarfestival. Også i dag. Under gudstenesta kunne presten stå på den overbygde utescena som planlagt, mens kyrkjelyden sat under tak i revyteltet.

Då gjorde det ikkje noko at regnet sipa ned under heile gudstenesta.

I staden for organist hadde ein tromla saman eit lite orkester med Sunniva Oma på keyboard, Johannes Olsen på bass og Steinar Vik på trommer. Og med Olga Vestbøstad og Thea Træet som flotte, unge forsongarar, fungerte det heile svært bra.

Lovise Vestbøstad framførte  ein fin versjon av «Herre, til deg får jeg komme», til eige pianoakkompagnement, godt hjulpen av Johannes Olsen på bass. Vakkert og velsigna.

Olav Oma talte ut i frå teksten om brødunderet, og nokre av setningane me beit oss merke i var om lag slik:

– Ved Jesus blir den usynlege Gud levande for oss.

– Gud er nær både i det gode og det vonde.

– Menneske på Jesu tid let Jesus tena seg. Let me han tena oss? Vil me følgja han?

Lyden var god (ros til Ivar Hovland) – og om lag 150 personar tok del i gudstenesta.