Mellom 100 og 150 sprekingar var til stades då Fitjar kyrkjelyd arrangerte gudsteneste ved Svartavatnet på fitjarfjellet 2. pinsedag. Kyrkjelydsprest Martin Kolstad preika og Harald Rydland stod for musikken. Etterpå vart det tur til Beinatjønnsvarden, leia av Ellen Vestbøstad frå Turlaget.