Det er blitt tradisjon å halda gudsteneste på slippen i Dåfjorden 2. påskedag, og folk møtte mannjamt opp i dag.


Soknepresten ynskjer velkomen. Foto: Harald Johan Sandvik.

Då sokneprest Olav J. Oma ynskte vel møtt til gudsteneste i verkstadhallen på Dåfjorden Slipp AS, sat det 88 personar på gode bedehusstolar framfor han. I fjor samlast folket mellom dei to slippane, med båtar på, og den eine skipsklokka var kyrkjeklokke. I dag var det kaldt og litt utrygt ver, og Steinar Andersen opna med stor velvilje verkstadhallen, der det var god plass til folket.

Preiketeksten var frå Lukas 24, om då Jesus for første gong synte seg for læresveinane etter oppstoda. Dei hadde vanskeleg for å skjøna at det var Jesus som stod der, men han «opna forstanden deira så dei kunne skjøna skriftene.»

Øystein Aadland spela til salmane. Han var også organist i gudstenesta i kyrkja i går.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi og kyrkjesaft og mykje gode bollar og kaker. Steinar Andersen, sjefen på slippen, fekk varm takk for at han stilte anlegget til rådvelde, og han måtte svara på spørsmål frå mange interesserte gudstenestedeltakarar.

I fjor fekk dei ein skade på den store slippen, og no er den heilt fornya og modernisert. Enno står det noko arbeid att. Den nye slipp-banen er heile 96 m lang og har 6,5 m djupne på enden på flo sjø. Slippen vil utvida marknaden til verftet.  


Jentene kosar seg med kaker! Frå venstre: Hedda, Kristina, Anna Louisa og Celine. Foto: Harald Johan Sandvik.


Helga Nøtland Auestad og Sigrun Kulleseid Westerheim presenterte kakebordet. Foto: Harald Johan Sandvik.


Tankbåten Bjørn var bygd i 1867 og var frå 1873 til 1956 «Dampsprøyte 1» i Bergen Brannvesen. Foto: Harald Johan Sandvik.

Maritimt miljø. Til venstre tidlegare «Tysnes», HSD, som også gjekk i rute til Dåfjorden. Foto: Harald Johan Sandvik.


Steinar Andersen til høgre hadde interesserte tilhøyrarar i dag. Foto: Harald Johan Sandvik
.
 
    

steroidi anabolizzanti legali