På Øvrebygda skule møtest ein flokk gubbar kvar onsdag for å halda lekamen i trældom, og Fitjarposten har vore innom for å sjå korleis dei gjer det.

Den kvelden Fitjarposten var på besøk, var frammøtet på gubbatrimmen godt. Heile 12 gubbar i alderen frå 20 til vel 50 år var til stades; det blir sagt å vera litt over gjennomsnittet. Eldstemann, Rolf Petter Johansen, fortel at han har vore med sidan starten, for 12 år sidan. Til liks med Jørund Fjøsne, som òg var på plass denne kvelden. Veteran er òg Leif Helge Engelsen, som til vanleg leier gubbane i treninga, men han var bortreist denne gongen. I hans stad styrte Geir Arne Solbakken styrketreninga, før gubbane gjekk over til meir lystbetonte aktivitetar. 

Volleyball ser ut til å vera hovudidretten for denne spreke gjengen. Her var engasjementet og gløden på topp. Også hjørnefotball er ein sikker vinnar. At dei orkar å springa etter den knallharde fotballøkta, vitnar om at gubbane held seg i god form.

Me fekk eit bestemt inntrykk av at det ikkje høyrer musikk til trimmen desse onsdagskveldane. Det går framleis gjetord om den gongen for fleire år sidan, då ein kassettspelar var på nippet til å bli slegen på. Men ein av gubbane gav visst veldig klar beskjed om at det skulle han ikkje ha noko av. Så det blei med dette eine tilløpet. For gubbar som ikkje er glade i ghettoblasterar eller liknande moderne styggedom, kan såleis gubbatrimmen i Ovbygdo vera rette staden.

testosteron pillen