Fitjar grunneigarlag har no fått si eiga heimeside på internett.

Nettsida har vore oppe å gått ei stund, men er endå under utarbeiding og har nokre manglar.

På heimesida kan ein lesa litt om historikken til laget, og deriblant eit intervju med den første leiaren Sverre Torland. Ein kan sjå ulike bilete, m.a. frå fuglehundprøvane som var i fjellsameiga i haust. Vidare  kan ein få oversikt over kven som sit i styret, fristar for søknad om hjortejakt og skjema for å koma i kontakt med styret ved leiar Tore Sigurd Fitjar m.m. Sida kan vera av interesse både for medlemmene i laget og andre.

Heimesida til Fitjar grunneigarlag finn du her.