Med eit grovt feilskjer på den siste distansen bomma Onar Westerheim på sigerspallen under årets sprint-VM på skeiser for veteranar.

Onar stilte som vanleg opp som ein av favorittane då årets VM i skeisesprint blei avvikla i russiske Kolomna helga som var. Og etter første dag såg alt lovande ut. Han var berre 33 hundredelar bak vinnaren på 500 meter, og etter ein bra 1000 meter sikta han seg inn på minst bronse samanlagt.

Men andre dag gjekk ikkje bra, seier Onar. På 500 meter blei han nummer fire, og på 1000 meter blei det feilskjer og total fiasko. Dermed enda han på ein litt skuffande femteplass samanlagt.

For reisekamerat Jan Henriksen frå Stord gjekk det betre. Han blei nummer to i 70-årsklassen og hadde all grunn til å jubla.

Sjølv om sesongen er over, reknar ikkje Onar med å ta seg tid til mykje festing og pokerspel. Det blir ikkja lange treningspausen; fokuset er allereie retta inn mot neste sesong. Han satsar for fullt vidare, med enkelte justeringar.

Onar reknar med at både broren Harald og stordabuen Jan Henriksen blir med til neste år. Då blir òg to andre skarpskodde stordabuar med, nemleg Kjell Håvard Belsvik og Henning Nordfonn.