Eit samrøysta Fitjar formannskap vedtok i dag utbyggingsplanen for feltutbygginga på Rossneset. Eit prosjekt som hausta mange lovord mellom dei folkevalde i formannskapet.

Agnar Aarskog (A) kalla utbygginga ein milepel frå bygda, og meinte at det er svært positivt at ein no er kome i mål med denne saka. Det var både Helga Austad (Krf) (som stilte som varamedlem for Wenche Tislevoll (H)) og Lars Ove Rimmereid (SP) samde i.

Ordførar Harald Rydland (KrF) delte òg dette synet og fortalde kort om arbeidet med saka som starta i Agnar Aarskog si ordførartid.

– Det har vore mange hinder å forsera, og eg må berømma utbyggjar for godt tolmod. No er det berre å gle seg over at alle hindera er lagt bak oss, sa han.

– Dette var gledeleg, men ikkje uventa. Kontakten med kommunen har heile tida vore positiv, seier Karl Sandvik, som saman med Theodor Træet står bak utbygginga.

Etter planen skal prosjektet starta opp i august, med ferdigstilling sommaren 2014.

Kven som vert tildelt entreprenørkontrakten vert kunngjort seinare i dag.