Går det an å leve utan avfall? Ja, i følgje Kristine Ullaland frå Zero Waste Norge, som kjem til Fitjar folkebibliotek 24.november, kl.18.30.

– Sist Ullaland gjekk ut med restavfallet sitt, var i 2015. Til dagleg jobbar ho med bedrifter med å førebygge og redusere avfallet sitt. No kjem ho til Fitjar å deler sine tips og triks med deg, fortel biblioteksjef Silje V. Torbjørnsen i ei pressemelding.

– Arrangementet vert halde i kultursalen, med god avstand mellom seta, men hugs å melda deg på, minner Torbjørnsen.

Meld deg på til biblioteket@fitjar.kommune.no, på messenger eller tlf. 5345 8513 og oppgi namn og telefonnummer. Påmeldingsfrist: tysdag 24.november kl.17.

– I snitt kastar vi 400 kilo avfall årleg per person. Om heile verda skulle ha forbrukt og kasta like mykje som vi gjer, ville vi trengt tre og ein halv klode. Det har vi ikkje. Ullaland sitt hovudpoeng er at det verken er så vanskeleg eller så krevjande å redusere avfallsmengda som vi kanskje trur. Bli med og få inspirasjon til å bidra tilein grønare kvardag, avsluttar Torbjørnsen.

Arrangementet er eit samarbeid med Vestland fylkeskommune, Fitjar frivilligsentral og Fitjar folkebibliotek.