Temakvelden  i Fitjar kyrkje torsdag 28. februar kl. 19.30 har temaet: –Kva er kyrkja sitt bidrag I kampen for å redda kloden? Talar er Lars Ove Kvalbein frå Bispedømmekontoret.  

Førstkomande torsdag vert det ny temakveld i Fitjar kyrkje.

Denne kvelden er det kyrkja sitt miljøansvar som er temaet. Dette har ikkje berre eit miljøperspektiv, men også eit solidaritets- og rettferdsperspektiv. 

Vårt overforbruk gjer at  menneske andre stader på kloden får problem med å tilfredsstilla dei mest grunnleggjande behova.  Det er naturleg og rett at kyrkja tek del i den store og viktige utfordringa som miljøkampen er. 

I fleire år har kyrkja arbeidd med å etablera “grøne kyrkjelydar”.  I Bjørgvin bispedømme har Lars Ove Kvalbein hatt miljøutfordringa som sitt arbeidsområde , og det er han  som kjem denne kvelden. 

Han vil fortelja oss kva “grøn kyrkjelyd “ er , men først og fremst gje oss konkret kunnskap om kva kyrkja og den einskilde kan gjera før det er for seint. Velkomen til temakveld.

Dersom du vil lesa meir om kva kyrkja gjer på dette området, kan du gå inn på www.kyrkja.no.