Ruskavêret har ikkje lagt nokon dempar på julefeiringa i Fitjar, og to gonger blei kyrkja fylt på julaftan.

Som vanleg blei det invitert til gudsteneste to gonger denne dagen, som er den dagen i året då flest folk søkjer til Guds hus. På den første gudstenesta var det kanskje ein plass eller to å oppdriva for dei som kom seint. Men til den andre messa var kyrkja fylt til trengsel.

Fitjar Skulekorps jaga alle vekk tankar om gråvêret ute med preludiet og den første salmen i gårsdagens julegudsteneste, «Det lyser i stille grender». Som vanleg spela dei flott, og me kunne gjerne høyrt meir til dei.

Etter at Hildegunn Aadland hadde lese juleevangeliet, fekk me ei inspirert utlegging av teksten ved sokneprest Olav Oma. Me visste frå før at ein tommestokk kan brukast til mykje, men me blei aldri så lite imponerte av soknepresten denne gongen. Han fekk den to meters tommestokken til å likna på eit esel, eit hjarte, ei kongekrone, Betlehemssstjerna og det meste av det som høyrer til i juleevangeliet. Ein enkel og engasjert tale for liten og stor!

Som vanleg i Fitjar kyrkje var allsongen sterk og fin, denne gongen til orgeltonane frå Olaug Gloppen. Med den tradisjonelle avslutninga «Deilig er Jorden» var julestemninga på plass for hundrevis av vêrsjuke fitjarbuar. God jul!