I dag har ein kolonne med trailerar levert betongelementa til veggene i det nye grishuset hos Sverre Sæterbø.

Veggene i det nye grishuset består av prefabrikkerte betongelement på 5 – 7,5 tonn. Til å få dei på plass nytta entreprenøren Odland mobilkran frå Forthun & Sørhaug. Det er ikkje småtteri ein slik kran er i stand til å handtera. Når den er «trekt ut» i 25 meters lengd, klarer den å bera 5 tonn.

Då me var innom, såg arbeidet ut til å gå sin gang utan store problem, trass i at gårsdagens snøfall og frosten etterpå gjorde underlaget var sleipt og vanskeleg. Dei svære betongelementa såg ut til å reisa seg jamt og trutt etter planen. Men Sverre fortel at han gjerne ser at snøen regnar vekk til han skal opp med sperrene. Vonleg skjer det rett over helga.