Carl Høgset og Grex Vocalis i Fitjar kyrkje fredag kveld. Foto: Kjetil Rydland.

Fredag kveld fekk ei fullsett Fitjar kyrkje presentert livsverket til Carl Høgset; elitekoret Grex vocalis leverte ein korkonsert frå aller øvste hylle for eit overvelda og takksamt publikum.

Takksame har me grunn til å vera for at eit av dei leiande kammerkora i Noreg tok turen til Fitjar. Dette er første gongen dei er i Sunnhordland, og dei skal berre halda éin konsert til her i landet, før dei avsluttar karrieren med ein stor konsert i Operaen 22. september.

Dirigent Carl Høgset har nettopp presentert livsverket sitt for første og siste gong i Sunnhordland. Foto: Kjetil Rydland.

Kor i verdsklasse

Under dirigentane Carl Høgset og Mick A. Melby levde Grex Vocalis opp til sitt lenge etablerte rykte som eit kor i verdsklasse. Konserten var så full av vellyd og musikalsk oppleving at det er vanskeleg å finna ord.

Kommunikasjonen med det musikkglade publikumet frå Fitjar, og ikkje minst frå Stord, var sterk og intens. Me fekk gle oss over eit breitt repertoar frå blant andre 1500-talskomponistane Palestrina og Orlando di Lasso, Giuseppe Verdi (1813-1901) og Arne Nordheim (1931-2010).

Å trekkja fram høgdepunkt i ein konsert som ligg på eit slikt skyhøgt nivå. blir nærmast umogleg. Men Hebe deine Augen auf zu den Bergen av Felix Mendelssohn Bartholdy kling framleis i øyro. Det same gjer mellomspelet til det vesle damekoret Corona frå Stord, spesielt framføringa av Olav H. Hauge si Issoleia, til tone av Odd J. Øverøye. Dirigent Irene Simonsen og damene hennar var tydeleg inspirerte og takksame over korseminaret med den kjende dirigenten Carl Høgset tidlegare på dagen.

Då det ordinære programmet var over, var reaksjonen sjølvsagt så overstrøymande at gjestene måtte unna heimepublikummet eit par ekstranummer. Det siste var om mogleg ekstra sterkt og verknadsfullt.

Koret framførte «Irish blessing», og til orda «Until we meet again» marsjerte dei nedover kyrkjegolvet, og gav seg ikkje før dei var vel ute i våpenhuset. Me skulle gjerne møtt dei igjen, men då må me køyra til Aksdal kyrkje i kveld, eller få med oss den store avslutningskonserten i Oslo 22. september!

Reidun Hagenes frå Stord nytta høvet til å helsa på dirigentkollega Carl Høgset. Foto: Kjetil Rydland.

– Grex Vocalis er livsverket mitt!

Dirigent Carl Høgset legg ikkje skjul på at Grex Vocalis er livsverket hans. Han skulle gjerne halde på eit par år til, slik at dei kunne ha feira 50-årsjubileum i 2021. Men det blir for langt fram, og derfor vel han og koret hans å slutta av i år. Dei vil gi seg medan dei er på topp, fortel Høgset.

- Annonse -

Han legg likevel til at han vil halda fram med enkelte andre korprosjekt, for som han seier:

– Kor har vore min misjon i livet!

Takk!

Kormedlem Ingebjørg Aadland fortener stor takk for at ho bidrog til å få koret med seg «heim» til Fitjar. Det same gjer Temakveldgruppa, som endå ein gong greidde å skaffa oss ei konsertoppleving av aller ypparste merke. Under leiing av karismatiske Carl Høgset gav Grex Vocalis oss ein dose vellyd som me aldri vil gløyma.

Carl Høgset samlar «Den syngjande flokk» framfor kyrkjetrappa før gårsdagens konsert. Foto: Kjetil Rydland.

Grex vocalis («den syngjande hjord») blei oppretta av Carl Høgset i 1971 og etablerte seg raskt som eit av dei leiande vokalensembla i Noreg. Med sine tolkingar og repertoarval brakte Carl Høgset noko heilt nytt inn i norsk musikkliv.

Grex Vocalis har gjennomført ei rekkje konsertar, framsyningar på TV og på Det Norske Teatret, og turnear i inn- og utland, og har vunne fleire internasjonale korkonkurransar og tre Spellemannprisar.

Carl Høgset (f. 1941) har studert språk og musikk ved Universitetet i Oslo og song og korleiing ved Norges musikkhøgskole. Han var gutesopran Sølvguttene, heldt sin debutkonsert som den første norske kontratenoren i 1977.

Han har undervist ved Norges musikkhøgskole og ved Foss videregående skole i Oslo i mange år, og har vore med og drive fleire andre kjende kor. I 2002 starta Carl Høgset songkurset Alle kan synge, og dette er blant prosjekta Carl Høgset vil halda fram med.

Etter 48 år i toppsjiktet avsluttar Grex Vocalis karrieren med ein storslagen konsert på hovudscenen i operaen i Oslo. Her vil fem framståande utøvarar med nær tilknyting til Grex vocalis opptre, Tora Augestad, mezzosopran, Ditte Marie Bræin, sopran, Njål Sparbo, baryton, Inger Elise Reitan, klaver og Sara Aimée Smiseth, klaver og konferansier.

Det er allereie selt 900 billettar, og det vil bli heilt fullt i Operaen, så det gjeld å vera om seg!