Foto: Grethe Angen - Studio

Mykje flott kunst har vorte stilt ut under Fitjarfestivalen dei siste åra. I år vert det Grethe Angen som får visa fram verka sine i Galleri Losjen.

Grethe Angen er fødd og oppvaksen på Stord. Ho har teikna heile livet, men byrja og måla då ho fekk kontakt med kunstnaren Eser Afacan i 2000. Han lærde ho mange flotte teknikkar.

Ho har og studert klassiske teknikkar på Florence Academy of art i Firenze i 2005. Etter Firenze fekk ho mange ulike kontaktar som har gitt ho mange tips og råd om korleis ho kunne utvikla seg teknisk. Ho seier at i det heile reknar ho seg som «sjølvlært med god hjelp».

I 2014 reiste Angen til Holland. Ho ynskja å læra meir om gamle teknikkar innan oljemaling, og tok eit kurs i friluftsmaling med kunstnaren Roos Schuring. Kurset gav meirsmak, og i dag har ho har eit variert utrykk basert på gamle teknikkar i kolstift og olje.

Kunsten hennar består hovudsaklig av portrett, stilleben og landskapsmaleri. Ho tek ofte inspirasjon frå dei sterke kvinnene i norsk malarhistorie. Kitty Kielland og Harriet Backer er favorittane som ho kallar veninnene sine frå attenhundretalet.

Grethe Angen finn ein ofta ute i naturen, det er der ho er i sitt rette element når ho skal skapa den flotte kunsten sin.

– Utstillinga er open heile festivalhelga, og fredag kl.17.00 vert det offisiell opning av utstillinga. Kari Lønning Aarø kjem, og skal lesa eigne dikt, fortel kultursjef Bente Bjelland, som gler seg til årets festivalutstilling.

Opningstider: Fredag 9.august kl. 17.00 – 20.00, laurdag 10.august kl. 13.00 – 16.00, sundag 11.august kl. 13.00- 16.00

- Annonse -