– Grete Marit Veka Maraas er øvst på lista for Fitjar Senterparti til kommunevalet i haust, skriv leiar Gro Rydland i Fitjar Senterparti i ei pressemelding.

– Fitjar Senterparti har halde nominasjonsmøte og fått ei liste med 18 gode namn, med god geografisk spreiing. Det er mange unge, men også dei eldre er representerte. 

Fleire av listekandidatane er sjølvstendig næringsdrivande, og til saman er mange ulike yrkesgrupper representerte. Ikkje minst er kvinneandelen god!

Arbeidet med valprogrammet er godt i gang, leia av Lars Ove Rimmereid, som ikkje tek attval. Ordførarkandidaten er kumulert. Ho er med i kommunestyret nå og i Utval for oppvekst og omsorg.

Partiet ser fram til ein god valkamp. Lista ser du nedanfor.

 

Liste til kommunevalet 2015 frå Senterpartiet i Fitjar

01 Grete Marit Veka Maraas, f. 1959

02 Karen Elisabet Rydland Sæbø, f. 1978

03 Sverre Sæterbø, f. 1972

04 Lisa Instefjord Gilje, f. 1982

05 Geir Arne Solbakken, f. 1975

06 Lillian Kongestøl Vik, f. 1980

07 Reidar Kloster, f. 1959

08 Ina Soltvedt Tufteland, f. 1979

09 Janne Westvik, f. 1967

10 Håkon Hovstad, f. 1955

11 Geirmund Drønen, f. 1955

12 Bård Inge Bø, f. 1977

13 Karin Korsvik, f. 1942

14 Jens Gaute Aarbø, f. 1964

15 Knut Vik, f. 1959

16 Terje Nordbustad, f. 1978

17 Katrine Aarbø Solheim, f. 1988

18 Per Drønen, f. 1943