I det vakre vinterveret hadde me oss ein rask gå tur til Olstjønn, tidleg laurdag føremiddag. Og me kan melda tilbake at det no er svært greitt å ta seg fram til fots langs denne vegen.

Sjølvsagt er det òg nydelege forhold for dei som likar seg godt i ulendt terreng. Fitjarfjellet er berre nydeleg for tida.

Men om du er av dei som synest det er lettare gå langs vegen, kan me opplyse at snøen er godt hardtrampa, utan å vera for glatt. Vil du nytta ski, går nok det og an, men sand og grus er synleg mange plassar, så det er lett å få skrapa opp skia, om ein ikkje køyrer varleg.

Ver derimot merksam på at vegen tilbake i frå parkeringsplassen ved foten av Olstjønnvegen, er svært glatt. Det kom uventa på oss, me kom på gli, og klarte såvidt å unngå å køyra i grøfta. 

- Annonse -