Mariann Vestbøstad Marthinsen deltek i dag på sprinten i sitjeski i VM i Cable i USA. Så langt er resultata for kvalifiseringsprologen klare.

 

Resultata syner at Mariann hadde tredje beste tid i kvalifiseringa. Berre russaren Marta Zaynullina og tyske Andrea Erskau hadde betre tid.

Men prolog er prolog og semifinale og finale noko anna. Her kjem taktikken inn.

Både semifinalene og finalen vert avgjort  i dag. Så då er berre å kryssa fingrane for vår eigen VM-deltakar.