Den nye gravplassen, aust for den noverande, vil truleg vera ferdig til hausten. Før vinteren skal det òg plantast med hekk og nye tre.

Ei innsamlingsnemnd jobbar vidare med å få samla inn pengar til å forlengje muren langs riksvegen, slik at han kan gå langs kanten av det nye området, og etter det Fitjarposten erfarer, går det greitt med denne innsamlinga.

Mykje fin planting er allereie gjort, og ifølgje Inge Bjelland i Stord Hageservice, som står for arbeidet, skal det òg koma fire nye vasspostar på den nye kyrkjegarden. To små og to store.

For skuleborna kan det vera greitt å vita at når ein er ferdig, vil dei kunne gå  til skulen på austsida av den nye gravplassen.