Flotte var dei, og ein fin dag fekk dei, konfirmantane i Fitjar kyrkje i dag. Me gratulerer og ønskjer Guds signing over dagen og framtida.

For om sola ikkje var like sterkt framme som tidlegare i veka, vart det flott bunadvèr, som soknepresten sa det,  og ut på ettermiddagen var sola der igjen.

Mest folk var det på den siste av dei to gudstenestene, men bodskapen og innhaldet, var det same i begge.

Kyrkjelydsprest Nobu tala om Jesus og Den Heilage Ande, dei to hjelparane me har for å finne vegen til Himmelen, og, saman med soknepresten, fekk han leggja handa på hovudet til kvar einaste konfirmant i bøn om velsigning over livet og framtida deira.

Tensingkoret song "Down to the River to pray" à capella (utan musikk), både i starten og slutten av begge gudstenestene.

Tidlegare i veke hadde dei samtalegudsteneste med fest på bedehuset etterpå, og om denne fortel kyrkjelydsprest Nobu:

-Det var utrolig kjekt å ha samtalegudstjeneste saman med mine 32 konfirmantar. Konfirmantene kledde seg så fint. Det var mange interessante og morsomme svar på spørsmåla under gudstenesta, som:

– Kvifor har du valt konfirmasjonsundervisning i Den norske kirke?          
”Eg gjorde det, fordi eg er kristen.”  
”Det virka meir spennande enn borgeleg konfirmasjon.” 

–  Nemn tre ting som du synest gir håp for framtida?

"Gifta meg. Få ungar. Bli vaksen.”           

”Kan be til Gud uansett. Gud elskar meg uansett kva som skjer. Eg har familie og venner som bryr seg om meg.”  

Etter gudstenesta blei det konfirmantfest med deilig gryterett og is. Roald Drønen leia festen, og Olav Oma hadde ei lita helsing til konfirmantane.

-Under festen hadde eg så mange oppgåver, så det var ikkje så lett for meg å styre dei samtidig.
Eg var fotograf, teknikar og spela  ”piratprest” (Captain Jack Sparrow ) i ein ”sketch”.

Kanskje eg  stressa litt mykje, men eg tror at det stort sett gjekk greit…”, seier Nobu, smilande, til slutt.