Elisabeth Rydland, kjend og kjær drosjesjåfør i Øvrebygda. Foto: FP-arkiv/KR.

I morgon, onsdag 19. desember, fyller Elisabeth Rydland 95 år.

Elisabeth er eit kjært og kjent andlet for mange i Fitjar etter som ho har køyrt drosje i rundt 25 år. Tek me ikkje mykje feil, er ho den første kvinnelege drosjesjåføren i Fitjar, og den andre på Stordøya.

Ho tok førarkort rundt 1960, og begynte å køyra drosje saman med mannen sin, Nils N. Rydland, eit par år seinare. Det heldt ho på med til langt ut på 1980-talet, også etter at «Drosje-Nils’n» døydde brått og så altfor tidleg i 1979.

Jubilanten kan sjå tilbake på ein travel yrkeskarriere. Ho kom frå Helland til Rydland i 1947, då ho gifte seg med Nils N. Rydland. Her var ho travelt oppteken med arbeid inne og ute på garden, både før og etter at ho begynte som drosjesjåfør.

Som andre kvinner i Øvrebygda var Elisabeth engasjert i ulike foreiningar, og er blant anna æresmedlem i Norges Bondekvinnelag (no: Bygdekvinnelag).

I dag bur Elisabeth på Havnahuset, med utsikt utover Fitjarvikjo og Fodno. – Her har eg det fantastisk godt, seier ho til Fitjarposten. Ho liker å følgja med på båttrafikken og fuglane som flaksar rundt i fjøresteinane rett utanfor vindauget.

Havnahuset ligg så sentralt at det er praktisk for kjensfolk å koma på besøk. Og Elisabeth har ei stor slekt og mange vener som kjem innom og slår av ei prat. Sjølv om kroppen har tapt seg med åra, er ho i like godt humør som før.

No ser ho fram til feiring av 95-årsdagen på Havnahuset i morgon.

- Annonse -

Me sluttar oss til gratulantane og ønskjer den blide 95-åringen til lukke med dagen!