Leiar Gisle Levåg og mangeårig fotballstjerne Trond Henriksen, stolte representantar for 70-åringen Fitjar Idrettslag. Foto: FP-arkiv/KR.

I dag er det 70 år sidan Fitjar Idrettslag blei skipa, og me nyttar høvet til å gratulera med dagen.

Leiar Gisle Levåg fortel at han har motteke fleire gratuasjonar på den store dagen til den klårt største organisasjonen i Fitjar. Laget har nesten 900 medlemmer i jubileumsåret, fortel den stolte leiaren.

Om ikkje telefonlinja har gløda, har det i alle høve vore mange gratulasjonar. Og det set idrettslagsleiaren sjølvsagt stor pris på.

– Visjonen vår «idrett for alle» står like sterkt den dag i dag som då det vart stifta. Me gler oss til 70 nye år med fysisk aktivitet og sosialt samvær! skriv Fitjar Idrettslag på Facebook-sida si.

Her kan me lesa at laget ser fram til å gjennomføra fleire store prosjekt i jubileumsåret:

  • Nytt og ettertrakta lysanlegg ved kunstgrasbanen Fitjar idrettsplass, og arbeidet her er godt i gang.
  • Utskifting av kunstgraset, ein omfattande prosess, som er planlagt gjennomført til sommaren.
  • To nye lyskastarar ved Fitjar Idrettspark, friidrettsarenaen.

Nettopp på grunn av desse store prosjekta blir det ikkje noka stor 70-årsfeiring på dagen, og heller ikkje i nærmaste framtid, fortel Gisle Levåg.

– Me får ikkje tid til noka skikkeleg 70-årsmarkering no, seier Gisle, men kom igjen til hausten: Då blir det fest, der me vil takka alle eldsjeler, og ikkje minst dei som går i bresjen for dei store prosjekta laget arbeider med i jubileumsåret!

Gisle Levåg nyttar høvet til å takka alle eldsjeler, dugnadsfolk, trenarar og lagleiarar og alle andre som elles som har vore med og bidratt til at Fitjar IL er det det er i dag, ein breiddeidrettsklubb med eit godt tilbud til alle.

- Annonse -

Han legg til at det ikkje ligg føre planar om ei ny jubileumsbok i høve 70-årsdagen. Men han er ikkje avvisande til eit nytt bokprosjekt i høve 75-årsjubileet.

Veteranar i Fitjar Idrettslag under middagen då Fitjar IL fekk Frivilligprisen i 2017, varaordførar Agnar Aarskog og tidlegare varaordførar Gisle Levåg. Foto: FP-arkiv/KR.