Aase Nøttveit, som er fagkonsulent landbruk, skriv i ein e-post om høve til å hente gratis ved. Det er Aase som har tatt alle bileta.

Nå er siste grana på Smedholmen felt og for dei som har sett røyken stige opp frå øyane så er det Robert Sørfonn som har brent og rydda siste haugane med greiner.

Tiltaket er ein del av prosjektet «Fjerning av sitkagran i Fitjarøyane», eit tiltak som skal gje den utvalte kulturlandskapstypen, kystlynghei betre vilkår. Robert Sørfonn har hatt ansvar for hogst, mens 10.-klassen (2010/2011) har gjort ein god jobb med rydding og brenning av hogtsavfall. I tillegg til den viktige jobben dei gjorde for kystlynghei på Smedholmen gjekk dugnadspenger til klassetur med Aktive Fredsreiser til Polen våren 2011.

Robert har kappa trea i assortert lengde og diameter. Du får med dette tilbod om gratis stokkar i 30 – 100 cm lange. Stokkane ligg i terrenget innafor Friluftsrådet si brygge i sør og opp mot lyngbeitet. Her gjeld prinsippet om «første mann til mølla».

Dersom nokon har spørsmål, kan ein ringe Robert Sørfonn tlf. 414 52 409.