Fitjar Taxi ved Svein Malvin Maraas tilbyd gratis taxi på valdagen førstkomande måndag til folk som har vanskeleg for å kome seg til vallokalet. Bilde: Taxieigar Svein Malvin Maraas (t.h.) og taxisjåfør Ivar Bjorøy. Foto: Håkon C. Hartvedt

-Tilbodet går til folk som ikkje sjølv køyrer bil og manglar skyss for å kome seg til vallokalet, og folk kan ringje frå kl 18.00 på søndag kveld for å bestille. Kostnadene til turen sponsar altså me,  seier Maraas til fitjarposten.no.

– Kvifor gjer du dette? 

– Me har lyst til å bidra til å styrkje lokaldemokratiet ved å få endå fleire til å stemme, og me veit at det var folk ved sist val som ikkje kom seg til vallokalet av mangel på skyss, seier Svein Malvin Maraas.

Eit flott tiltak, synest me – og oppfordrar alle fitjarbuar til å finne vegen til vallokalet på måndag. Det gjer ingen ting om Fitjar vert den kommunen i landet som har størst valdeltaking.