Frivilligsentralen og Helsestasjon skal halde gratis samlivkurs for par 23. og 30. september.

-Før 2008 søkte vi  om kurspengar direkte fra Bufetat, men frå 2008 fekk Fitjar kommune pengane igjennom rammetilskotet.

Vi synest det er flott at politikarane i Fitjar bevilget pengar til kurs, at dei ser at det er viktig å førebyggje samlivbrot i ein tøff kvardag for småbarns- foreldre. Ønsket er at dette tilbodet skal bli ein naturleg ting å vere med på når paret får barn saman til liks med barselgruppe og kontroller, seier Anbjørg Stjern Tvedt til fitjarposten.no