I januar 2015 opna Karriere Sunnhordland. Dei skal drive med gratis karriererettleiing for alle over 19 år, og er allereie godt i gang. Tilbodet gjeld i alle åtte Sunnhordlandskommunane: Stord, Fitjar, Austevoll, Tysnes, Kvinnherad, Etne, Sveio og Bømlo.
Det er Hordaland Fylkeskommune som driv senteret i samarbeid med NAV og Samarbeidsrådet for Sunnhordland, og dei har i dag to tilsette i fulltidsstillingar.
- Ynskjer du ny jobb eller utdanning?
- Ynskjer du nokon å snakke med om jobbsituasjonen din?
- Vurderer du å søkje ny jobb eller ta utdanning, men er usikker på kva moglegheiter du har?
- Usikker på kva yrke eller utdanning som kan passa for deg?
- Vi tilbyd informasjon og rettleiing knytt til yrkes- og utdanningsval.
Dette er noko av det dei kan hjelpe deg med.
-I slutten av januar hadde vi i Karriere Sunnhordland vår aller første vegsøkjar innom til rettleiing, så no er vi offisielt i gang. Vi vil ha nokre drop-inn dagar tilgjengeleg etter kvart, men elles bed vi om at alle som ynskjer å koma til oss, bestiller time.