Det meiner Sara Sele og Thomas Sivertsen frå Austevoll som nyttar seg av Fitjar vgs sitt tilbod om gratis graut i kantina før skulestart. Foto: Håkon C. Hartvedt

Både Sara og Thomas må ta ferja kl 06.45 frå Husavik for å rekke skulen i rett tid.  Dei er framme i Sandvikvåg kl 7.05, og derifrå og inn til skulen har dei taxi. Det tyder at dei kjem fram godt og vel ein halvtime før skulen startar kl 07.55. 

Då er det godt å få noko godt og varmt å ete.

– Dette er bra, og det er god graut. No slepp me å sitje svoltne i dei første timane, og dette gjev energi og ein god start på dagen, seier dei. Thomas et rett nok frukost heime før turen går til ferja. Det gjer ikkje Sara. Ho er glad for å få meir tid til gjere seg klar, før ho må gå heime frå. Men glad for grauten er dei begge to.

Køen forsvann fort
Då fitjarposten.no var innom skulen før serveringa starta kl 07.30 ein onsdag i slutten av august, vart det kø ved «grautdisken» når bussane kom, men den vart fort avvikla, og kl 07.40 var det ikkje nokon kø å snakke om lenger. Det er bra, for elevane må jo få tid til å ete grauten ferdig, må vite.  Så har ein òg lagt godt til rette for at så skal kunne skje. Alt står klart ved disken, og elevane ausar sjølv opp grauten og tek på det tilbehøret dei vil ha. 

Solveig Thomassen legg alt til rette, men elevane ausar opp grauten sjølv. Foto: Håkon C. Hartvedt

Det er tydeleg at det ikkje berre er Thomas og Sara som set pris på tiltaket. Me talde rundt 50 andre elevar som koste seg med grauten denne morgonen, men rektor Leif Helge Engelsen kan fortelje at talet har vore oppe i 80. Langt over det ein forventa.

Bevisst
Om sjølve tiltaket seier rektor at Fitjar vgs har vore bevisst på «sunne kantinar» og «helsefremjande skule». 

– Difor ville me gje elevane ein god start på dagen. Mange må opp svært tidleg og kjem òg til skulen tidlegare enn dei treng. Me ville gjere noko for desse på denne måten. Men så syner det seg at andre òg kjem tidleg for å få graut. Det er svært hyggjeleg, seier rektor Leif Helge Engelsen, til slutt.

 

 God morgonstemning med graut. Foto: Håkon C. Hartvedt