Frå 1. mars og framover kan dei som har Norsk Tipping sitt spelarkort og som spelar på eit av deira spel vera med å støtta lokalt frivillig arbeid direkte gjennom grasrotandelen.

Så langt har 78 grasrotgjevarar valgt å støtta lag/organisasjonar i Fitjar.

Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk tipping der du som er registrert spelar kan velja eit lag eller ein foreining som du ynskjer å støtta. Dette vert din grasrotmottaker. Grasrotmottakarane må vera registrert i Frivilligregisteret for å kunne vera mottakar. Ved spel hos Norsk Tipping vil 5 % av innsatsen gå direkte til ditt lag eller foreining (gjeld ikkje Ekstra og Flax). Grasrotandelen går ikkje ut over innsatsen eller premien din. Du vert ikkje belasta noko for å vera grasrotgjevar.

For å vera grasrotgjevar treng du Norsk tipping sitt spelarkort. Dette får du kjøpt hos kommisjonær eller du kan bestilla det på www.norsk-tipping.no. For å knytta seg til ordninga må ein vidare ta kontakt med ein kommisjonær eller kontakta Grasrotandelen via sms eller internett. Meir informasjon om dette finn du på www.grasrotandelen.no . Her vil ein og kunna følgja med på kor mange grasrotgjeverar dei ulike laga har og kor mykje støtte kvar grasrotmottaker har fått.

Grasrotmottakarane må som sagt vera registrert i frivilligregisteret for å kunna vera mottakar. Så langt me kjenner til er 5 lag i Fitjar registrert her. Dette er Fitjar skytterlag, Fitjar idrettslag, Fitjar musikklag, Fitjar skulekorps og  Stiftinga Fitjar frivilligsentral. Mange verdige mottakarar som gjer eit stort og viktig frivillig arbeid i bygda vår. Ein kan berre støtta eit lag/organisasjon om gongen, men for dei som ikkje klarer å bestemma kva av desse gode formåla  dei vil støtta går det an å skifta etter ei stund…