Gråsisik har blitt ein sjeldan gjest på fuglebrettet, men i dag var han på plass. Foto: Salomon Aarbø.

I dag var gårsisiken på plass hos Salomon Aarbø, og det er ikkje kvar dag denne fine fuglen gjestar fuglebrettet i Fjellheim.

– Ein gråsisik dukka opp her i dag; sist eg hugsar at dei var her, var ved juletider i 2010! fortel Salomon Aarbø i dag.

I 2010 var også dompap ein fast gjest, legg Salomon til. Han er nærmaste nabo til FUS Fjellheim barnehage, og har mange forskjellige fuglar på brettet i løpet av sesongen. Men han har sett lite til gråsisik og dompap dei siste ti åra. Nøtteskrike, derimot, har Salomon hatt meir enn nok av, og dei er han ikkje berre glad i, for dei «stikk av med» maten.

Gråsisik er ein liten, gråbrun fink med ganske kort stjert og ein tydeleg raud flekk i panna. Han kan vera vanskeleg å skilja frå brunsisik, som av mange blir rekna som underart av gråsisik. Brunsisik har mørkare og varmare brun fjørdrakt.

Gråsisiken hekkar i arktiske og tempererte strøk rundt hele kloden. I Noreg finst han over store delar av landet, bortsett frå snaufjellet og låglandet frå Vest-Agder til svenskegrensa.

Dersom det er lite næring, kan fuglen vandra svært langt. Eit individ som ble fanga i Moss i 2003, var ringmerkt i Kina, 7000 kilometer unna!

Sjå faktaside om gråsisik på BirdID. Her kan du og høyra songen.

(Kjelder: Aschehougs fuglebok, Wikipedia og Store norske leksikon)

Det var tider! Her ser me ein liten flok gråsisikar på fuglebrettet snøvinteren 2010. Foto: Salomon Aarbø.
Dompapen pyntar opp på fuglebrettet, men har blitt sjeldnare med åra. Foto: Salomon Aarbø.