Driftsansvarleg for Fitjar Idrettspark, Geir Tore Søreide, fortel at grabanen er skadd av isbrann og ikkje kan opnast på lenge.

Dei siste 20 åra har Fitjar-ungdommen – og enkelte kjende elitespelarar – kunna gle seg over den grønaste og flottaste grasmatta i mils omkrins. Men slik er det ikkje i år. Då Geir Tore Søreide kom heim frå fjellet til den finaste påskehelga i manns minne, var det eit skuffande syn som møtte han. 

Grasbanen er sterkt skadd av isbrann etter vinteren, noko som kanskje ikkje var direkte uventa. Berre delar av banen har begynt å bli grøne. Det kan sjå ut som om alt raigraset har frose i hel. Det utgjer 80 % av grasblandinga som er nytta på banen, så då blir det ikkje så mykje gras igjen. No veit ikkje Geir Tore kor tid banen kan opnast for fotballspel. Det blir i alle høve ikkje før 17. mai, og kanskje må heile banen såast om att. Då blir det ikkje fotballspel der oppe før til hausten.

No vil Geir Tore ta kontakt med Fitjar kommune, som eig banen. Her må snarast skaffast konsulenthjelp og takast ei avgjerd om kva som skal gjerast. Inntil vidare må fotballfolket halda seg nede på kunstgraset, i alle fall til over 17. mai.