Ein oppmerksam lesar har tipsa oss om ein flokk grågås som beitar på bakkane på Fitjargarden.

Vanlegvis reiser grågåsa sørover om hausten i den velkjende plogformasjonen sin. Dei fleste overvintrar i Spania eller Nederland, før dei kjem attende til oss for å hekka. Den store sensasjonen er det ikkje at grågåsa overvintrar i Noreg, enkelte flokkar overvintrar på Jæren og Lista. Og altså ein flokk på 24 grågås på Fitjar.