Me synest alltid at det er tidleg når me observerer grågåsa på veg sydover. Men då me observerte flokken på biletet tysdag 4. august, var ho faktisk litt seinare på farten enn i fjor. Foto: Håkon C. Hartvedt

Då skreiv Annar Westerheim at «grågåsa er i rute sjølv om sommaren held fram», etter å ha observert dei 28. juli 2014.

Han fortalde då at han har observert grågåsa dei siste 30 åra, og at flukta på sør berre varierer med nokre få dagar rundt månadsskiftet juli/august.