Grågåsa er på plass i Skålavikjo. Foto: Kjetill Rydland.

Ein flokk på rundt 20 grågås har beita på bakken i Skålavikjo sidan månadsskiftet februar-mars.

Til liks med i fjor har grågjæsene funne seg vel til rette i Skålavikjo. Dette er store, flotte fuglar, som er imponerande å følgja med på, både på bakken, og endå meir når dei er i lufta.

Ein som ikkje er akkurat nyt synet av dei svoltne fuglane, er bonden som slår graset i Skålavikjo. Dei store fuglane et nemleg bøen rein for gras, og etterlèt seg mykje skit. I fjor stakk dei av med mykje av fôret han han hadde etla til beista sine, og det blei etter kvart gitt fellingsløyve på grågås.

Dette skremte gjæsene vekk for ei stund, men løyste ikkje problemet heilt, og no er dei altså på plass att.

Gjæsene er komne til Skålavikjo for å gjera seg feite. Foto: Kjetil Rydland.

Me lurer på om dette er gjæser som har overvintra her i landet, men dette er me ikkje heilt sikre på. Det kan vera ein viss sjanse for at dei kan ha kome frå i Syden i vinter.

Bestanden av grågås er aukande, og det blir spekulert i om fuglen har ein alarm som ringjer når det nærmar seg jakttid i august. Rett før jakttida samlar grågåsa seg i store flokkar og reiser til Syden.

Me observerer grågåsa på himmelen i store plogar på veg nordover om våren og sørover om sommaren. Men no ser det ut til at det blir meir og meir vanleg at grågåsa hekkar i Fitjar, og enkelte overvintrar hos oss.

Ferske gåsungar i Fitjar i slutten av mai i fjor. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -