Mellom 20 og 30 fitjarbuar, mest små, tok del i grimasekonkurransen under julegateopninga på søndag.

Torbjørn Hovland fotograferte "grimasørane" etter kvart, og på slutten av dagen vart alle bileta hengt opp på ein av veggene nede i Larsen-bygget. Og tre vinnarar vart kåra: Ine Alsaker, Thomas Olsen Korneliussen og Vegard Aarbø.