Scandinavian Tivoli Park er på plass utanfor Fitjar kultur- og Idrettsbygg med mykje moro for store og små.

– Dei skal til Tysnesfest i neste veke, så då passa det bra for dei å koma til Fitjar i forkant av det, fortel Ole Bergesen til fitjarposten.no.

Tivoliet som blir her til og med laurdag har mange artige attraksjonar. Mest spektakulært er nok det omvendte strikkhoppet der ein ikkje hoppar, men vert slynga høgt opp i lufta.

Ein av dei som ikkje var redd for å ta denne utfordringa var Sebastian Thomassen, som syntest det heile var kjempegøy, sjølv om det såg noko niftst ut. Men denne attraksjonen er ikkje for dei minste. Det er krav til både vekt og høgde for å kunne prøva seg på dette.

Sander Thomassen syntest Twister-karusellen var artigast, mens me nok trur at den store draken der ein kan krype inn i kjeften, vidare igjennom heile draken og koma ut ved halepartiet, må vera artigast for dei mindre, om dei vågar då.

11-åringane Jonathan Tranøy, Arild Waage og Marius Strand syntest at denne attraksjonen var kjempegøy å leike tikken i.

Elles var det både loddsal, pilkast og meire til. Så veldig dyrt var det vel heller ikkje.