"Søndagskolens dag" vart også i år markert med god deltaking av born i gudstenesta, og med søndagsskoletivoli som "Nachspel".

Det var elles ikkje lett å finne seg parkeringsplass om ein kom til kyrkje like før det begynte i dag. Smekkfullt var det, både i kyrkja og på parkeringsplassen.

I kyrkja deltok barna med mellom anna prosesjon, song og tåblå, og dei mange dåpsbarna gjorde òg sitt til at ein fekk eit fint fokus på barna denne søndagen.

Når aktivitetane på søndagsskuleaktivitetane etterpå også, heilt gjennomført, var lagt opp på barna sine premissar, vart det ein retteleg fin søndagsskuledag, slik han skal vera.