O-gruppa arrangerte i ettermiddag O-løp med start og mål ved Fitjar kultur- og Idrettsbygg.

Kjempekjekt, syntest Jonas Alexander, Anders Strand, Rolf Solli og Luka Vucenovic.

-Kven vinn då?

-Eg, kom det frå dei alle.

I alt stilte 12 deltakarar på dette første løpet i rekrutt-karusellen.  Løypa var ca 1,5 km i luftlinje. Neste løp er torsdag 22. april ved klubbhuset (stadion), og då blir det både nybyrjarløype og C-løype.

Det vil òg bli nybyrjarkurs i løpet av våren – kanskje onsdag 21. april – følg med i kalenderen på Fitjarposten!