4-åringane i Fitjar var i dag samla til kjempekjekk bli-kjend tur i kyrkja.

29 ungar med føresette møtte opp for å bli betre kjend med kyrkja og folka der før dei skal få 4-årsbok under gudstenesta søndag føremiddag. Presten hadde gledd seg lenge, og mange ungar hadde og sett fram til denne dagen. Dette er det andre året at kyrkja på Fitjar arrangerer slik kyrkjevandring for 4-åringane, og det var like populært og like kjekt i år som i fjor.

Ungane vart delt i grupper og guida rundt til 5 ulike stasjonar. I kyrkja fekk dei bli kjend med Olav-prest, dei fekk vera med på leikedåp, dei fekk tenna lys, gå heilt fram i kyrkja, innforbi alterringen og opp på preikestolen. Dei fekk koma opp på loftet og delta på mini-søndagsskule, dei var ute på kyrkjegarden og fekk m.a. sjå traktoren og gravemaskinen og kva som er inne i reiskapsboda til kyrkjetenaren. Dei fekk koma opp på galleriet og sjå på orgelet, og dei fekk høyra og sjå kyrkjeklokkene som ringde. Alt var kjempe spennande. Kjekt for ungane, kjekt for dei vaksne, og kjekt for journalisten.

På orgelkrakken sat Harald Rydland som i tillegg til å kunne spela alle moglege song-ynskjer som spende frå «Olle, bolle» og «Bæ, bæ lille lam» til «Måne og sol», viste dei inn i orgelet og viste korleis orgelet virkar. Kjempespennande syntes 4-åringane, og dei vaksne ville og gjerne kikka inn i orgelhuset. Dei av ungane som ville fekk og prøva å spela på orgelet, og det var mange lovande organistar på orglekrakken i dag.

Heilt opp til kyrkjeklokkene kunne ikkje 4 åringane få koma, men dei fekk sitta bak på galleriet og sjå direktesendt film av klokkene som svinga og ringde. Dei sat der med store auger, og medan dei høyrde og såg klokkene kunne dei og kjenna at svinginga fekk bygningen til å rista litt.

Presten var annleis kledd enn alle dei andre i dag. «Du likne på Jesus du», sa ein. Og det var akkurat det presten ville høyra. Då fekk han høve til å snakka om at dei små ungane som vert døypt og ofte har på slik kvit kjole. Alle fekk koma fram til døypefonten, kjenna på vatnet, og vera med på leikedåp av ei dokka som skifta namn etter kven som fekk det ærefulle oppdraget med å bæra ho til dåpen.

På spørsmål om dei kosar seg utbryt 4-åringane: «Da e gøy!» Og det tykkjer dei vaksne og, det er kjempekjekt og spennande. Me har alle sett og høyrt mykje nytt i dag. Dei vaksne fekk vera med på det meste. Den einaste plassen dei ikkje slapp til var på preikestolen, der var det berre ungane som fekk koma opp. Dei sjekka at det ikkje var nokon stol der, berre ein plass dei kunne snakka, og så fekk dei nyta den flotte utsikten derifrå. «Sjå, heilt der nede er mamma, pappa eller bestemor!». seier Olav medan han løfter 4-åringane opp så dei kan sjå over kanten. «Hei, mamma!», ropte mange stolt og vinka.

Etter kvart vart soknepresten heilt svett, av løfting og av snakking. Han håpte alle hadde hatt det kjekt og at dei kjem attende til kyrkja i morgon føremiddag. Då skal det vera hausttakkefest i kyrkja. Soknerådsbarnehagen skal delta, Fitjar bygdekvinnelag har pynta kyrkja og det vert utdeling av bok til alle 4-åringane.

Heilt til slutt var det bollar, saft og kaffi til alle, og det smakte godt. Soknepresten var til liks med ungane godt nøgd med dagen, og retta ei særskild takk til alle medhjelparane som anten har bakt eller har gjort ein viktig jobb med å visa dei små rundt i Guds hus.