Det vart kø av barn, både ved brannsprøyta og redningsbilen til Fitjar Brannvesen då dei unge vart inviterte til «Brannmann for ein dag» ved Brannstasjonen på Årskog i dag.
Med Trond Henriksen og Johan Nilsen i brannkorpset i spissen vart ungane inviterte til å vera med og halda på storsprøyta når ho vart retta mot ein bensinbrann, og til å få ein tur med brannbilen som tok ut med hylande sirenar, med Odd Harald Turøy som sjåfør. Gratis pølser og vaflar vart det til alle.
Ein flott dag for både store og små.

Alltid stas med brannbil. Foto: Håkon C. Hartvedt