Tredjeklassingane Hedda og Benedikte hadde slett ikkje noko imot å begynne på skulen igjen.

– Nei, ikkje dumt i det heile tatt, ler 3.klassingane Hedda Kongestøl og Benedikte Nesbø. Vi møter dei på veg heim i frå skulen, og spør om det var dumt å begynne igjen. – Nei, det var fint. Kjekt på skulen, og ekstra kjekt å treffe alle venene igjen, seier dei, smilande.

-Kva er det kjekkaste faget då?

 -Rekning, kjem det kjapt frå begge to, før dei spring vidare med skulesekkene dansande på ryggen.