Gjennom Inge Halstensen har Spar Fitjar fått inn torsk av heilt spesiell kvalitet.

Halstensen, som har drive med fisk i 40 år, fortel at dette er torsk som er fiska i Barentshavet, frosen ned innan fire timar og som stort sett har levd på krill og reker. Altså av ypparste kvalitet i følgje Halstensen.

Han fortel vidare at denne fisken tidlegare ikkje har vore å få på den norske marknaden i det han har vore eksportert til England – og butikkane i Austevoll har på eit par veker selt fem tonn av denne fisken. 

Fisken er å finne i single-frosne pakker slik at ein kan ta ut ein og ein fisk.

Her på øya er det SPAR-butikkane som sel denne fisken.