Konserten i Fitjar kyrkje torsdag 7. august er det første arrangementet i Fitjarfestivalen 2014.

Også i fjor starta Fitjarfestivalen opp med konsert i Fitjar kyrkje. Den gongen var det Sigvart Dagsland som trekte fullt hus, og gav publikum ei ugløymande stund.

– Konserten i fjor var veldig vellukka, seier Eli Simonsen i temakveldgruppa i Fitjar kyrkje. Det er dei som arrangerer konserten med Gøran Fristorp, til liks med ymse temakveldar ein gong i månaden året rundt.

Leiar i Fitjarfestivalen, Sigurd André Maraas, ønskjer å laga tradisjon av at ein slik konsert i kyrkja startar Fitjarfestivalen. Dette set naturlegvis Eli Simonsen og temagruppa stor pris på. – Me er veldig glade for å vera ein del av Fitjarfestivalen, seier ho.

Programmet til Gøran Fristorp er ikkje heilt bestemt enno, fortel Eli. Men han vil ha med stoff av Evert Taube, Nils Ferlin og Georg Friedrich Händel, og Andrew Lloyd Webber si sviske «Pie Jesu». I tillegg framfører han eigne låtar og stoff frå Les Misérables.

Dersom du følgjer godt med på NRK i kveld, vil du kunna sjå og høyra Gøran Fristorp. Han skal nemleg vera med i «Sommeråpent» kl. 21.30, fortel Eli Simonsen.

Ho minner om at konserten er torsdag 7. august kl. 19.30, ikkje kl. 18.30, som det står på enkelte plakatar. Billettar kan kjøpast ved inngangen, og kostar kr 250. Men konserten er inkludert for dei som kjøper festivalpass. Det kan bestillast hos Fitjarfestivalen på mail, eller kjøpast på festivalkontoret i Fitjar sentrum frå måndag 4. august.

Eli Simonsen nøler ikkje med å ønskja velkommen til konsert med Gøran Fristorp: – Me veit at det blir ein flott konsert!

Ingressfoto: Eli Simonsen gler seg til å opna kyrkjedøra for Gøran Fristorp og Fitjarfestivalen. Foto: Kjetil Rydland.