Deltakinga var god og fangstane var svært gode under årets Fiskefestival i Fitjar laurdag.

«Mot normalt» blei Fiskefestivalen i år avvikla i strålande ver. Heile 110 deltakarar stilte, av desse 50 i båt, medan dei resterande 60 blei utplasserte på nes, holmar og skjer.

Om vêret var «mot normalt», var resultatlistene meir normale. Det blei favorittsigrar i dei fleste klassane. Ringreven Rune Aarbø har vunne fleire gonger før, og i år henta han 10,55 kg frå Håskjeret. Det heldt til siger i klassen senior stong. I klassen junior stong gjentok Tobias Hukset suksessen frå i fjor, med 6,85 kg fisk frå Håskjeret. Sander Vikingstad vann klassen junior båt med 12,0 kg. Men som vanleg kom alle litt i skuggen av storfiskaren Oddvin Grindevik frå Stord. Med 152,65 kg vann han båtklassen heilt overlegent, sjølv om ein annan gammal kjenning, Kristian Lunde, også imponerte, med 71,5 kg.

Totalt blei det fiska 472,7 kg, til stor glede for mange tilskodarar, som nytta høvet til å ta med seg heim fisk til middag.

RESULTAT:

Junior stong:
1. Tobias Hukset  6,85 kg
2. Eirik Jacobsen  3,89 kg
3. Oscar Jacobsen  3,0 kg
4. Lars Iver Havn  2,7 kg
5. Martin Pedersen  1,2 kg

Senior stong:
1. Rune Aarbø  10,55 kg
2. Ingmund Bjordal  9,64 kg
3. John Karsten Raunholm 7,1 kg
4. Roger Træet  6,6 kg
5. Per Svein Bukkholm  6,4 kg

Junior båt:
1. Sander Vikingstad  12,0 kg
2. Ruben Træet  10,4 kg
3. Rebecca Tverborgvik  6,3 kg
4. Sander Tverborgvik 4,9 kg
5. Ole Lønning  4, 2 kg

Senior båt:
1. Oddvin Grindevik  152,65 kg
2. Kristian Lunde  71,5 kg
3. Idar V. Mjønes  23,2 kg
4. Krister Innvær  18,2 kg
5. Rune Løklingholm  7,1 kg

Størst fisk stong:  Ingmund Bjordal  2,1 kg
Størst fisk båt:    Martin Eikeland  4,65 kg