Mange hundre var bortom kaien til Larsen i det kjølige, men fine haustveret. Foto: Kjetil Rydland.

Mange hundre, kanskje over tusen, møtte opp til bondemarknaden på kaien til Larsen laurdag føremiddag.

Det var Fitjar Bondelag og handelsmann Odd Sverre Larsen som inviterte til marknad. Og fitjarbuen – og ein god del stordabuar – møtte mannjamt opp for ein drøs, og for få smaksprøvar av ymse matprodukt frå meir eller mindre lokale produsentar.

Håkon og Lillian Hovstad var naturlegvis på plass med sine Hogste-egg, og avsetnaden var upåklageleg. Dei fortel at dei produserer om lag 7000 egg per dag, dvs. mellom 400 og 500 kilo. Det skulle bli mange tonn for dagen året. I dag selde dei store mengder rett frå bilen sin, og elles leverer dei på SPAR i Fitjar og andre lokale butikkar.

Ein av eldsjelene bak arrangenmentet frå bondelaget si side er Bård Inge Sørfonn. Saman med kona si var han på plass og selde kjøt og skinn frå villsauene sine. Dei selde og kjøt og kjøtdeig frå anguskviga til Robert Sørfonn. Og omsetninga gjekk strykande, men dessverre har ikkje avisa fått høve til å smaka på produktet enno. Derimot fekk me smaksprøver på både okse, svin og sau, frå Fatland slakteri. Og matkjennarar Fitjarposten var i kontakt med, hadde ikkje noko vondt å seia om smaken.

Frå Færøysundet kom honnigproduksjonen til ein kvart million bier som Solfrid Sandvik og Bård Inge Bø har i dei tolv kubene sine. Solveig Thommassen selde raunebærgele frå Strando, laga av bær plukka i Osterneset, langt vekke frå den verste biltrafikken.

Generasjonsmat på Evanger var på plass med ymse andre matvarer frå fylket vårt. Lefsene frå Nøring i Øystese blei kåra til «Årets produkt» i Bergen i september. Og auren frå Leiren Laks på Stamnes fekk prisen «Årets råvare frå sjø». I dag fekk fitjarbuen sjekka om dei fortente desse utmerkingane. Og me høyrde ingen klager. Det var ingen usmak på bringebærsafta frå Urnes gard i Hardanger heller. Og fårepølsa frå Evanger har me jo alle høyrt om før.

Også bl.a. Øvrebygda 4H og Fitjar bygdekvinnelag var representerte med mindre innslag.

Leiar Reidar Kloster i Fitjar Bondelag var godt fornøgd med dagen. Det er tydeleg at folk er interesserte i kortreist mat – og ikkje minst for å møtast for ein drøs. No vonar bondelaget at dette arrangementet kan bli ein tradisjon i Fitjar.

Mange hundre var bortom kaien til Larsen i det kjølige, men fine haustveret. Foto: Kjetil Rydland.

 

 

Håkon og Lillian Hovstad fekk avsetnad på Hogste-egga sine. Foto: Kjetil Rydland.
Håkon og Lillian Hovstad fekk avsetnad på Hogste-egga sine. Foto: Kjetil Rydland.