Det er godt sal av bilettar til konserten med Sigvald Dagsland. Både i Kulturhuset og hos Larsen er det konserten med han på torsdag kveld som sel best.

– Kanskje eigentleg ikkje så rart, seier festivalgeneral Ann-Sofie Drønen. – I kyrkja er det avgrensa plass. Det er det ikkje i same grad på dei andre arrangementa. 

– Det er framleis billettar igjen til Dagsland konserten òg. Men det kan vere lurt å sikra seg billett i god tid. Det kan bli fullt, seier Turid Fitjar, som selde billettar hos Larsen då me var innom.