Sparebanken Vest fekk eit resultat før skatt på 303 millionar kroner i tredje kvartal, ein auke frå 135 millionar kroner i same periode i fjor.

Netto rente- og kredittprovisjonsinntekter utgjorde 458 millionar kroner mot 416 millionar kroner i tredje kvartal i 2011.

– Resultatet for tredje kvartal er godt og viser at vi både har auka inntekter frå banken si kjerneverksemd, og framleis god vekst i resultatbidraga frå spesielt Frende Forsikring, seier administrerande direktør Stein Klakegg i Sparebanken Vest.