Resultatet frå konfirmantane sin fasteaksjon på tirsdag ettermiddag vart kr. 38.899!

Konfirmantane møtte opp på Fitjar bedehus klokka 17.00 og brukte to timar på innsamlingsaksjonen. Pengane går til fattige menneske i Tanzania. Konfirmantane fekk bollar og kakao då dei kom tilbake etter avslutta jobb, og dei koste seg skikkeleg. Takk til konfirmantane, og takk til dei gode medarbeidarane Haldis Abotnes, Eva P. Tufteland, Bjørg Vik og Inger Sofie Nesbø!