Tradisjon tru vart det nye året teke imot med rakettar og stjerneskot på Fitjar. I fylgje politiloggen gjekk overgangen til det nye året roleg for seg i bygda vår.

Veret var forholdsvis fint rundt midnatt og folk kunne nyta stjerneskot og rakettar utan å bli kliss blaute på festkleda eller frykta kva skade vinden kunne gjera. Som vanleg var det mange flotte rakettar å sjå på himmelen og for dei som var nær oppskytingsstadane var det eit øredøyvande levende, slik det brukar vera. Mange såg ut til å sikra seg godt med vernebriller og hørselvern, eller ved å halda seg innomhus eller halda god avstand og stikka to peikefingrar i øyro.

Fitjarposten vil nytta høve til å ynskja alle lesarane sine eit riktig godt nytt år !