-I samband med at grasbanen til Stord har vore stengt i sommar, har jente- og gutelaget til Stord fått trene på Fitjar graset, fortel ein svært nøgd Arve Havnerås til fitjarposten.no

Stord laga er svært takksame for  lånet av banen, og takkar Fitjar IL og Geir Tore Søreide for deira velvilje.

-Desse treningane har vore svært viktige for oss. Me skal til Dana Cup, og der er det berre graskampar. Med desse treningane på Fitjar står me betre rusta til cupen, enn om me berre hadde hatt treningar på kunstgraset, seier Arve Havnerås, som trenar for Stord Jenter 16.

-God sommar og igjen: Takk for lånet!, legg han til.