Vågens kro på Sandvikvåg kan fortelje om godt besøk sjølv om vêret har vore både kaldt og regnfullt denne sommaren. Bilete: Hildegunn Vågen Reigstad og Arne Vågen. Foto: Håkon C. Hartvedt

I fjor var det jo fantastisk vêr, så me merker at det er litt mindre folk her enn då, men bra med folk har det likevel vore, smiler Hildegunn Vågen Reigstad. – Den største forskjellen er nok at me i år sel mindre is og meir varm mat.

Favoritten er hamburgar. Den har òg eit spesielt godt rykte på seg. Hildegunn fortel at ho opplever at folk kjem heilt frå Leirvik for å kjøpa hamburgarar hos dei. Og dei treng ikkje å vente lenge på servering.

– Me har lært oss til å vere kjappe. Folk som skal nå ferje kan ikkje vente lenge på at maten skal bli ferdig, fortel ho. Så på Vågens Kro serverer dei hurtigmat i bokstaveleg forstand.

«Butikken midt i trafikken» som ein gjerne kallar dei, har elles, som Fitjar Camping, hatt mykje besøk av utlendingar. -Me forstår ein del tysk, men mest går det på engelsk, seier Hildegunn.

Når me var innom kroa tidlegare i dag var òg far til Hildegunn, og eigar av butikken, Arne Vågen, til stades. Han jobbar òg på austevollferja M/F «Heilhorn», og stadfestar at det Hildegunn fortel om butikken i stor grad gjeld ferja òg. – Eg kan ikkje seie at me har så mykje mindre trafikk i år enn i fjor.

– Siste turen var det forresten full ferje, legg han til.

Ikkje rart det.
I kveld har Odd Nordstoga konsert på Bekkjarvik Gjestgiveri, og Sommarbåtsendinga frå Austevoll i går har  inspirert folk til å ta turen dit.
Mellom anna to ektepar som koste seg med godsaker på Vågens kro medan dei venta på ferja i føremiddag. Ektepara er Kirsten og Olav Møller og Anne Marie og Njål Aune.  Dei bestemte seg å ta turen nettopp på grunn av NRK-sendinga i går.

No skal dei overnatte på gjestgiveriet og få smaka på delikatessene til  meisterkokken Ørjan Johannesen.

-Etter det tek me ein tur til Bergen, seier dei.

F.v. Olav Møller og Kirsten Haug frå Torvastad. T.h. Anne Marie og Njål Aune frå Haugesund. Foto: Håkon C. Hartvedt