Mange var dei ikkje. Likevel gav Fitjar Ten Sing oss ein herleg happening i kveld.

Om dei ikkje er mange har koret mange talent. Denne gongen vil me spesielt trekkje fram Ingvild Moldestad Oma og Brynjar Bergesen. Ingvild er ikkje berre eit multimusikalsk-talent som spelar fleire instrument. Ho har òg ein heilt spesielt god frasering i songframføringane sine, noko me sjeldan opplever hos så unge utøvarar.

Brynjar syng òg godt, og han har allereie synt at han er på god veg i faren sine parodi-fotspor. Denne gongen var det x-factor vinnar Chand som fekk æra av å bli framstilt av den unge fitjarbuen.

Når dette er sagt, må me vera raske til å seie at òg dei andre solistane gjorde flotte framføringar. I det heile leverte Fitjar Ten Sing ein super søknad om å få mange fleire medlemer når dei startar opp igjen til hausten.

Sokneprest, og medleiar i Ten Sing, Olav Oma heldt ein kort, aktuell andakt der han peika på at det er viktig at me ikkje bommar på målet, og at berre Jesus kan leia oss dit.

-Det er det som er synd: Å bomma på målet, sa han.

Og så går det jo ikkje an å snakka om Ten Sing i Fitjar utan å nemna dirigenten, Ann-Sofie Drønen. Ho gjer ein fantastisk innsats som primus motor og drivkraft for dette koret som gav oss ei flott oppleving i kveld.

Godt jobba av heile gjengen!